| HEIM | GÅVER/SUVENIR/SMYKKE | SAGA SOGNEFJORD | TOKVAM

Tokvam, Aurland k.

690,- NOK INKL MVA

7,1 cm, bronse. Irsk kross, vikingtid (modellskisse).

Kjøp eit stykke soge på e-post: post@arkeoreplika.no, eller ved eit utsal.

 

Krossen er ein 1:1 replika av eit funn frå Tokvam, Aurland kommune. Tidleg i 1930-åra, i ei stor langrøys tett ved elva, fann bonden først delar av eit gravfunn frå vikingtid. Ved nærare arkeologiske granskingar i 1935 fann ein også resten av gravfunnet. Det dreiar seg om ei rikt utstyrt kvinnegrav frå 800-talet. Aurland skil seg ut med mange irske importsaker frå tidleg vikingtid. Dette gjeld også kvinna i Tokvamgrava. Krossen har moglegvis opphavleg vore laga for geistlege i Irland, dekorert med karakteristisk irsk bandfletting. Seinare har krossen vorte utstyrt med nål og nålfeste til bruk som draktspenne - ei såkalla tredjespenne. Uttrykket viser til at dei to første spennene er dei ovale spennene som held selekjolen oppe, og at ei tredje spenne anten sit i halsen på serken eller held saman ei kappe eller eit sjal (replikaen har ikkje nålsystem). Dei ovale spennene i Tokvamgrava viser at kvinna vart gravlagd tidleg på 800-talet.

Soga fortel at Bjørn Buna var herse, eller stormann, i Sogn kring 800. Han var bestefar til Aud (Unn) som vart gift med Olav Kvite, den fyrste norske kongen i Dublin. Dei mange irske gjenstandane i gravene frå tidleg vikingtid i Aurland viser at desse menneska var særleg involverte i ekspansjonen vestover og erobringa av Irland.

Arkeoreplika sin rekonstruksjon av kvinne frå tidleg vikingtid, med ullhette basert på norrøne funn frå Dublin.

Irish cross from the Viking Age (800-1030 A.D.), based on an original finding from a burial at Tokvam, Aurland kommune. The Saga Sognefjord series is made from bronze in the traditional lost wax technique in our foundry in Hyllestad .

Irische Kreuz aus der Wikingerzeit (800-1030 n.Chr.) nach einem Orginalfund aus einem Grab auf Tokvam, in der Aurland Kommune. Der Serie Saga Sognefjord wird aus Bronze in der traditionelle Technik des verlorenen Wachses, in unsere Gießereiwerkstatt in Hyllestad hergestellt.

 

 

 

 

 

Kopien er støypt i massiv bronse, med tapt-voks teknikk (cire perdue). Dette er ein 6000 år gammal metode der ein voksmodell av den ferdige gjenstanden vert pakka inn i ei eldfast leireblanding. Når denne forma vert varma opp, smeltar voksmodellen og renn ut, og holrommet kan fyllast med flytande bronse. Bronse vart også støypt i klebersteinsformer.

SJÅ ARKEOREPLIKA STØYPER BRONSE PÅ YOU TUBE

Vikingtida byrjar. Heidendom møter kristendom, Odin møter Kvitekrist, ein geistleg irsk kross endar opp som kappespenna til ei kvinne inst i Sognefjorden. Kjøp eit stykke av soga på post@arkeoreplika eller vitje eit utsal (her) - og spekuler sjølv!